For fem år sidan jubla straumselskapet Wattn for nynorskpris. Men frå no av blir det berre bokmål.

For fem år sidan jubla straumselskapet Wattn for nynorskpris. Men frå no av blir det berre bokmål. NYNORSK PRIS: I 2021 jubla tidlegare dagleg leiar i Wattn, Øystein Vikingsen Fauske for nynorsk næringslivspris. Her saman med Synnøve Marie Sætre i Noregs Mållag og tidlegare styremedlem i Noregs Mållag, Anders Riise under prisutdelinga. I førre veke fjerna straumselskapet Wattn nynorsk som språkval i dei digitale tenestene sine. Ifølgje selskapet skuldast det ei vurdering av ressursbruk og brukarmønster. – Det å halde ved like to skriftspråk er både ressurskrevjande og kostnadsdrivande. Difor har vi valt å gå over til eitt skriftspråk, og det er bokmål, seier dagleg leiar i Wattn, Arne Thomas Haram. Haram peikar på at Wattn konkurrerer i ein nasjonal marknad og meiner selskapet må prioritere ressursane sine annleis. Arne Thomas Haram meiner det er krevjande å bruke nynorsk for eit selskap som vil konkurrere med store aktørar og nå ut til heile landet. – Vi diskuterte om vi skulle reindyrke nynorsken vidare, men måtte sjå det opp mot reisa Wattn er på. Vi ønskjer å byggje ein større kundebase. Då må vi også vurdere digitale flater og synlegheit i søk, seier han. Bokmål var standardspråket på nettsidene og i appen, medan kundane kunne velje nynorsk i innstillingane. Berre rundt 3 prosent gjorde det, opplyser selskapet, som viser til dette som ei av årsakene til at nynorsk blir fjerna.