Éin person, som var fastklemt etter ei trafikkulykke på Julsundvegen i Molde, er no frigjort. Politiet melder at vedkomande har alvorlege skader. Det skal totalt ha vore tre person…

Éin person, som var fastklemt etter ei trafikkulykke på Julsundvegen i Molde, er no frigjort. Politiet melder at vedkomande har alvorlege skader. Det skal totalt ha vore tre personar i bilen, melder politiet. Alle skal vere skadde og blir frakta til sjukehuset. Dei to andre personar kom seg ut av bilen på eigen hand. Vegen er stengt som følge av ulykka. Éin person blei frigjort etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv skadane som alvorlege. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr