Lokal festival avlyser med rockebandet TNT fordi gitarist Ronni Le Tekrø er for sjuk til å gjennomføre ein heil konsert. No slår bandet hardt tilbake.

Lokal festival avlyser med rockebandet TNT fordi gitarist Ronni Le Tekrø er for sjuk til å gjennomføre ein heil konsert. No slår bandet hardt tilbake. SIST LAURDAG: Ronni Le Tekrø (til venstre) og Neil Hibbs saman på scena saman forrige laurdag. Hibbs har i mange år vore ein fan av gitarspelet til nordmannen. Det tradisjonsrike rockebandet TNT skulle etter planen stå på scena under Høllesanden Live 15. august. I staden har arrangøren valt å avlyse konserten. Bakgrunnen er at gitarist Ronni Le Tekrø for tida har hjarteproblem etter å ha fått ein reaksjon på feilmedisinering. Det får bandet sin trommeslagar og grunnleggjar, Morten «Diesel» Dahl, til å sjå raudt. – TNT er i storform om dagen. Sjukdom skjer overalt, men så lenge gruppa bevisleg leverer på scena, er det absolutt ingen grunn til å avlyse. Ronni Le Tekrø er med på alle konsertane, men har for tida ikkje helse til å spele alt sjølv. Han peikar på at dei i over 40 år har stilt opp med ulike musikarar på scena, og at dei alltid leverer 100 prosent for publikum.