Henriette Jæger innrømmer at ho har vore sliten. No trur ho eitt bestemt grep kan sikre EM-gull.

Henriette Jæger innrømmer at ho har vore sliten. No trur ho eitt bestemt grep kan sikre EM-gull. KLAR: Henriette Jæger har levert knallresultat så langt i år, og har store forventningar til EM. Her frå Roma i juni. – Det er veldig viktig. Eg var ganske sliten etter i fjor, seier Henriette Jæger til NRK. Jæger leverte ein utruleg sesong i fjor, der ho blant anna tok sin første Diamond League-siger og gull i U23-EM. Totalt blei det heile 31 konkurransar for løparen frå Aremark, som avslutta sesongen med ein sjetteplass på 400 meter i VM i Tokyo. – I fjor var det utruleg mange konkurransar, og då sa eg eigentleg ganske klart frå om at vi kan ikkje fortsette sånn her. På måndag startar EM i Birmingham der Jæger er blant gullfavorittane på 400 meter. Denne sesongen har ho, saman med mor og trenar Unn Merete Lie Jæger, vore tydelege på at sesongen blir lagd opp for å sikre størst mogleg suksess i EM.