Ei 16 år gamal jente omkom og ein 18 år gamal bilførar blei alvorleg skadd i ei trafikkulykke i Molde. No er bilføraren sikta.

Ei 16 år gamal jente omkom og ein 18 år gamal bilførar blei alvorleg skadd i ei trafikkulykke i Molde. No er bilføraren sikta. ULYKKE: Ei jente (16) omkom og ein mann (18) blei hardt skadd i trafikkulykka i Molde. Totalt tre personar blei skadde då ein bil køyrde av vegen på Julsundvegen i Molde torsdag morgon. 16 år gamle Leah Grydeland frå Molde omkom som følge av skadane ho fekk i ulykka. Den 18 år gamle bilføraren blei alvorleg skadd og får no behandling på St. Olavs hospital i Trondheim. Vedkomande sat fastklemt og måtte bli frigjort etter ulykka. Mannen er no sikta for brot på vegtrafikkloven § 3, som handlar om å vere aktsam og merksam i trafikken. – Siktinga er basert på det førebelse materialet vi har samla inn i etterforskinga. Både dei undersøkingane vi har gjort og forklaringar frå vitne, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga til NRK. Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulykka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen.