Turistar har fleire gonger blitt overraska av ei raskt veksande elv i Våtedalen. Framleis er det ikkje noko åtvaring der.

Turistar har fleire gonger blitt overraska av ei raskt veksande elv i Våtedalen. Framleis er det ikkje noko åtvaring der. Torsdag måtte brannvesenet rykke ut til Våtedalen mellom Gloppen og Sunnfjord i Vestland. Store nedbørsmengder hadde fått elva til å stige raskt. Tre bubilar vart ståande isolerte, og fem vaksne, to barn og tre hundar måtte bergast ut med båt. Berit Karin Seljeseth Ose i Norsk Bobil og Caravan Club meiner det no bør kome tydeleg informasjon til dei som vel å overnatte langs elva. – Dette er ikkje ei eingongshending. Det har skjedd fleire gonger, og kjem heilt sikkert til å skje igjen. Eit skilt på fleire språk ville vore ein veldig god idé, seier ho. – Det må i alle fall stå på engelsk og tysk. Mange av dei som står der, er utanlandske turistar. Våtedalen er ein populær plass å campe. Nesten årleg blir turistar overraska av raskt veksande elv. Seljeseth Ose meiner likevel ikkje at camping i området nødvendigvis bør bli forbode.