Når himmelen i nord er grå, blir potetåkeren grøn og fin. Det triste sommarvêret får potetbøndene til å smile.

Når himmelen i nord er grå, blir potetåkeren grøn og fin. Det triste sommarvêret får potetbøndene til å smile. Potetbønder Dag-Idar og Solveig Nilsen er nøgde med ein litt grå sommar. Potetrådgivar Kristin Sørensen ved Norsk Landbruksrådgivning ser at poteten verkar frisk og fin. Og no veks den som berre juling, når sommarvêret i nord har vore nokså stabilt grått og vått. Potetbøndene Dag-Idar og Solveig Nilsen på Moen i Målselv er nøgde med at dei ikkje treng å vatne så mykje sjølv. Det tar nemleg skyene seg av. Konstant nedbør gjer at jordbruksparet i indre Troms sparar pengar. – Vi har kjøpt ein ny type vatning i år som vi skulle bruke fordi det har vore så tørt dei siste åra, men vi har ikkje fått slått den på enno, fortel Dag Idar. Poteten er to-tre veker tidlegare ute enn normalt, meiner han. Ein grøn og langstrekt potetåker kan Dag Idar seie seg godt nøgd med. Dag-Idar har hendene fulle. Mot slutten av sesongen skal det forhåpentleg vere ein plass mellom ein og to million kilo potet i kassene på lageret.