Forprosjektet for den nye Troll-stasjonen i Antarktis skal leverast seinare i år. Norsk Polarinstitutt meiner det er på tide med ein ny og betre stasjon.

Forprosjektet for den nye Troll-stasjonen i Antarktis skal leverast seinare i år. Norsk Polarinstitutt meiner det er på tide med ein ny og betre stasjon. Forskingsstasjonen Troll ligg i Jutulsessen i Dronning Maud Land i Antarktis. Stasjonen er i drift gjennom heile året, og sto klar til bruk i 1990. I 1990 sto Troll-stasjonen i Antarktis klar til bruk. Norsk Polarinstitutt har sidan da forska og tatt i mot forskarar frå heile verda. Her forskar ein på både meteorologiske fenomen, på havis, isbrear, dyreliv og stråling – for å nemne noko. Etter snart 40 år i isøydet, treng stasjonen på Dronning Mauds Land ei oppgradering. Direktøren i Norsk Polarinstitutt peikar på at sentralstasjonen er gammal og har behov for fornying. – Det handlar mellom anna om dei tøffe værforholda som er i Antarktis, der vêr og vind tærer på stasjonen. I tillegg er det behov for fleire og betre plassar til forskarane som skal arbeide frå Trollstasjonen, seier Camilla Brekke. Direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke, meiner det er på tide at forskingsstasjonen Troll blir fornya. I år kjem dei mange polarforskarane eitt skritt vidare mot draumen om ein ny og betre forskingsstasjon. Statsbygg skal levera eit nytt forprosjekt seinare i år. Prosjektsjef i Statsbygg, Knut-Ola Lunde, seier dei skal vere klare nærmare jul.