Biljardspelarane kom heim frå junior-EM med bagen full av medaljar. No håper dei dette gir positiv effekt for å auke rekrutteringa til sporten.

Biljardspelarane kom heim frå junior-EM med bagen full av medaljar. No håper dei dette gir positiv effekt for å auke rekrutteringa til sporten. EM: Robin Hauge Pettersen tilbake i klubblokala i Herøy etter at han vart europameister for U19 i Slovenia i juli. Robin Hauge Pettersen (17) frå Herøy biljardklubb tok gull i junior EM i Slovenia nyleg. Biljard er ein liten sport i Noreg, med rundt 3–400 aktive spelarar fordelt på rundt 50 klubbar. Hauge Pettersen og dei andre på EM-laget vil gjerne ha med seg endå fleire. Dei håper suksessen dei hadde viser at dette kan vere ein spennande idrett for mange. – Eg håper at ungdomar torer å satse på ein idrett som biljard sjølv om ikkje alle andre gjer det, seier han. Junior-landslagstrenar i biljard, Rudi Andre Wolff, seier dei har mange gode talent i Noreg no. – Vi har 6–7 spelarar på eit høgt europeisk nivå no, og eg håper sjølvsagt det kan inspirere fleire til å satse og vere med på biljard. Innsatsen vår i junior- EM kan forhåpentlegvis føre til auka rekruttering.