Da ku nummer seks døydde på berre nokre dagar, forstod bonden at noko var gale. – Ein går og grublar mykje før ein finn ut av årsaka.

Da ku nummer seks døydde på berre nokre dagar, forstod bonden at noko var gale. – Ein går og grublar mykje før ein finn ut av årsaka. Så skjedde noko som sette ein brems for den 28 år gamle bonden. Det starta med ei ku som blei dårleg. – Behandlinga hjelpte ikkje, så vi måtte ta livet av ho same dag. Eit par dagar etter blei fleire dårlege. Tre kalvar, avlsoksen og to kyr døydde på berre nokre dagar. Til saman fleire hundre tusen kroner i verdi. Om lag femten av vener og familie var med å leite i terrenget. Til slutt fann dei eit gamalt bilbatteri. – Sannsynlegvis har det ikkje vore beita på det området tidlegare, så batteriet kan ha lege der i 30 år. – Ein får nevrologiske symptom, og dyra kan både bli blinde og få kramper. Dette kan gå fort og ein kan døy på berre nokre timar. – Men no har mange Nofence-system som gjer at dyra går på nye beiteområde. Da kan dei kome over gamle bilbatteri som ligg ute i naturen.