Jusprofessor Mads Andenæs meiner det hastar med å få den norske 19-åringen til Noreg, som no er dømd for drapsplanlegging i England.

Jusprofessor Mads Andenæs meiner det hastar med å få den norske 19-åringen til Noreg, som no er dømd for drapsplanlegging i England. 19-åringen frå Stavanger er dømd for drapsplanlegging i England. Her er ein rettsteikning frå England. – Soningsforholda i britiske fengsel er alltid tøffe. Men for folk med slike dommar er dei både umenneskeleg og vanskelege. Det er vanskeleg å sjå for seg at guten vil overleve det, seier jusprofessor, Mads Andenæs om 19-åringen. Andenæs sine hovudområde er blant anna internasjonal rett og menneskerettar. Og han seier sjølv at han har vore i fengselet som 19-åringen sitter inne i. Mads Andenæs er jusprofessor, med hovudområde på internasjonal rett og menneskerettar. Onsdag vart 19-åringen frå Stavanger, som er fengsla i London dømd for drapsplanlegging i England. I mars i fjor blei den då 18 år gamle mannen pågripen på eit hotellrom i Huddersfield med to våpen. På oppdrag frå den svenske kriminelle gruppa Foxtrot skal han ha planlagd å drepe ein ukjend person i England. Etter to rundar i retten er no 19-åringen funne skuldig og kan risikere opp mot 45 år i fengsel.