Jeanette Hegg Duestad er blant verdas beste til å prestere under press. Ho meiner eit heilt spesielt grep har vore avgjerande.

Jeanette Hegg Duestad er blant verdas beste til å prestere under press. Ho meiner eit heilt spesielt grep har vore avgjerande. MEISTER I STRESSMEISTRING: Jeanette Hegg Duestad meiner fleire kan dra nytte av teknikkane ho brukar. – Kropp og hovud vil gjerne to forskjellige ting. Ein vil gjerne vere der, men samstundes vil kroppen berre flykte frå heile situasjonen. Det er brutalt å stå i det, fortel Duestad. – VM-gullet i fjor var kjempestort. Det er høgdepunktet i karrieren min, seier Duestad, som då hadde eitt VM-gull frå før. Ho har halde fram den gode forma etter meisterskapet. Etter å ha gått til topps i verdscupen i Tyskland i mai, følgde ho nyleg opp med ein tredjeplass i Kina. Neste stopp for 27-åringen er Lesja og landsskyttarstemnet. Der håpar ho å kjempe om ein plass på kongelaget. – Eg har hatt tre slike draumar. VM-gull. Ein OL-medalje er sjølvsagt ein draum. Og det å bli skyttardronning på landsskyttarstemnet. Jeanette Hegg Duestad blei kåra til «Årets kvinnelege utøvar» på Idrettsgallaen i januar.