Aldri før har så mange blitt sjuke etter flåttbit. Likevel ber Flåttsenteret folk om ikkje å la frykta halde dei borte frå naturen. Den oppmodinga følgjer Marianne Myklebust Myrstad. Marianne Myklebust Myrstad på veg opp til Sulafjellet. Firbeinte turkameratar er særleg utsette for å få flått på seg. Flåttsesongen er godt i gang og i store deler av landet opplever folk å finne dei små krypa både på seg sjølv, andre og kjæledyr. Marianne Myklebust Myrstad går ofte tur med hundane sine på Sulafjellet på Sunnmøre. I år er det meir flått enn ho er vant til. Hundane vimsar ut i grøfta, og går i førevegen og dytter vekk graset. Eigaren trur det spelar inn på kvifor ho finn så mykje på dei, og ikkje på henne. Ho har enno ikkje opplevd at ein flått har bite seg fast på henne, men har fleire gonger funne flått som har krabba på kroppen. Hundane sjekkar ho alltid nøye. – Vi behandlar hundane kvar gang slik at dei flåttane som bit seg fast dør, seier Myrstad. – Eg er ikkje redd for flått, men veit godt kva som kan skje om ein ikkje passar på, seier Kiplesund. Han tek seg ein god sjekk etter å ha vore ute i skog og mark, for å sjå at alt er slik som det skal vere.