Ei mor og dotter omkom i skipsulukka utanfor Tjörn i Sverige tysdag. Påtalemakta slår fast at fritidsbåten blei køyrd på. Kapteinen nektar straffskuld.

Ei mor og dotter omkom i skipsulukka utanfor Tjörn i Sverige tysdag. Påtalemakta slår fast at fritidsbåten blei køyrd på. Kapteinen nektar straffskuld. SKIPSULUKKE: To omkom og to blei alvorleg skadd etter ei skipsulukke i Sverige tysdag. Kapteinen på skipet «Misje Verde» er pågripen. – Den førebels etterforskinga har avdekka at den overbygde, 7–8 meter lange fritidsbåten som forliste i båtulukka blei påkøyrd, nærmast overkøyrd av det norske skipet «Misje Verde», skriv den svenske påtalemakta i ei pressemelding. Båten vart trekt inn under skipet og sokk til botn på 20 meters djupn. Føraren av fritidsbåten er førebels ikkje mistenkt for å ha brote maritime reglar, skriv dei vidare i pressemeldinga. Forsvarar Taavi Tuula opplyser til NRK at hans klient nektar straffskuld, utover det har forsvararen ingen ytterlegare kommentar. – Eg er ikkje overraska over at han blir varetektsfengsla med tanke på bevisa som krevjast for fengsling i denne situasjonen, seier Tuula til SVT. Administrerande direktør Roald Misje i Misje Rederi er ikkje informert om handlingsforløpet i det han skildrar som ei «forferdeleg ulukke». – Vi har ikkje fått noko informasjon frå svenske myndigheiter. Det er vanskeleg å kommentere når vi ikkje veit kva som har skjedd.