Vicky Hu risikerer å få ei høgspentmast høgare enn Friheitsgudinna i hagen. Brått hamna ho midt i USAs kappløp mot Kina om kunstig intelligens.

Vicky Hu risikerer å få ei høgspentmast høgare enn Friheitsgudinna i hagen. Brått hamna ho midt i USAs kappløp mot Kina om kunstig intelligens. Vicky Hu viser NRK rundt i den store, frodige hagen hennar, i eit nabolag i byen Ashburn, nord i Virginia. Her har ho og familien budd i 20 år. Ho såg føre seg eit roleg pensjonisttilvære her om nokre år, men no er mykje snudd på hovudet. Vicky Hu er eigedomsutviklar og meklar av yrke, og stussar over at ein kan seie ja til eit datasenter før ein har tenkt på korleis det skal få tilgang til straum. Det er knytt rosa band rundt fleire av trea i hagen. Nokre av dei er over 100 år gamle. No står alle desse i fare for å bli hogde ned, for å gi plass til store straumleidningar som skal ruve frå ei høgspentmast 56 meter over bakken. Dei skal føre straum til dei mange datasentera i området, kor teknologigiganten Amazon er den største aktøren. I det skraverte raude feltet på kartet, rundt heile hagen og vidare inn i nabolaget til Vicky Hu, skal straumleidningane etter planen gå.