Herøy kommune ventar framleis på den geologiske vurderinga etter det mindre steinspranget på Nerlandsøya natt til fredag. Det skriv Silje Scheide Mork, rådgjevar for kommunikasjon og beredskap. Måndag gjennomførte kommunen droneflyging i området for å ta bilete av fjellsida. Bileta er sende til geologar som skal kome med ei fagleg vurdering. Herøy kommune seier dei vil kome med ny informasjon så snart den geologiske vurderinga er klar. Fleire naboar vakna i natt av kraftige brak i Herøy. Det dei trudde var torevêr, viste seg å vere steinras. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr