Heilt sidan første gong tilbake i 1893 er det ingen som har takla presset på den største scena. «Alle» trur Caroline (21) kan bli den første, men faren ser helst at det aldri skjer…

Heilt sidan første gong tilbake i 1893 er det ingen som har takla presset på den største scena. «Alle» trur Caroline (21) kan bli den første, men faren ser helst at det aldri skjer. TALENT: Caroline Finnestad Lund (21) frå Søgne har eit stort press på skuldrene sine. – Vi får jo håpe det. Skal i alle fall gjere alt eg kan for å prestere det beste eg kan, seier Caroline Finnestad Lund. 21-åringen klarte det sjølv to gonger på ein dag så seint som siste helga i juli. Ho har klart det heile sju gonger i år. Den myteomspunne rekorden, som det har vore snakk om i langt over hundre år, handlar om å treffe med alle dei 35 skota inne i den svarte tiaren på det prestisjetunge Landsskyttarstemnet. I alt 60 norske kvinner og menn er i dag med i den eksklusive «350-poeng-klubben». – Eg veit ikkje om vi nokon gong får sjå det heller. Eg håper ikkje det, seier Tor Harald Lund og ler, men også med ein smule alvor. DRAUM: Caroline Finnestad Lund losna sitt første skot som femåring. I dag er ho ein av landets beste skyttarar.