Mannen i 50-åra er varetektsfengsla i fire veker etter dødsfallet i Kalvåg. Han nektar straffskuld. Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus nedanfor ein over ti meter høg fjellskrent i Kalvåg søndag morgon. Natt til søndag 2. august vart ein mann i 30-åra funnen livlaus og seinare erklært død i Kalvåg i Bremanger. Ein mann i 50-åra, som søndag vart pågripen og sikta for å ha sett den avdøde i ein hjelpelaus tilstand. Sogn og Fjordane tingrett har bestemt at mannen skal sitje varetektsfengsla i fire veker. Han får brev- og besøkskontroll i heile perioden og medieforbod dei første to vekene. Politiet bad om varetekt fordi dei meiner det er fare for at bevis kan bli påverka dersom mannen blir lauslaten. – Vi meiner det er fare for at bevis kan bli øydelagde eller påverka dersom han blir lauslaten, sa politiadvokat Farzad Izadi før avgjerda kom. Fengslingsmøtet gjekk bak lukka dører. Politiet ville hindre at opplysningar frå møtet påverkar vitne som skal forklare seg.