Naudetatane rykte ut til Hessa i Ålesund etter melding om brann i ein bustad. Ein nabo starta sløkkearbeidet med hageslange og pulverapparat.

Naudetatane rykte ut til Hessa i Ålesund etter melding om brann i ein bustad. Ein nabo starta sløkkearbeidet med hageslange og pulverapparat. Klokka 11.41 melder politiet at dei er ferdige på staden, og at det blir oppretta sak på forholdet. Ein nabo oppdaga brannen, tok seg inn i bustaden og starta sløkkearbeidet. Etter kvart måtte han trekke seg ut av huset grunna stor røykutvikling. – Naboen starta sløkkinga med ein hageslange og eit pulverapparat. At han slo ned brannen kjøpte tid til brannvesenet kom fram, og var avgjerande for at brannen ikkje spreidde seg, seier Rian Morrison, vaktleiar på 110-sentralen. – Det kunne ha vorte ein større brann om han ikkje hadde starta sløkkearbeidet, seier Morrison. – Det er ikkje opne flammar i bygget, men det blir pågåande arbeid ei stund framover, seier innsatsleiar brann, Trond Andreassen. Olav Ramnefjell, innsatsleiar i politiet, fortel at dei sperra av vegen ved huset. – Det er lite trafikk her, så vi har hatt god kontroll. Det har heller ikkje vore behov for å evakuere nokon bustader i nærleiken.