Det er sett i gang ein redningsaksjon i Luster kommune, etter melding om ein skadd turist på Fannaråki. – Det er ein turist med ein skadd fot, vedkomande sit i eit telt og ventar m…

Det er sett i gang ein redningsaksjon i Luster kommune, etter melding om ein skadd turist på Fannaråki. – Det er ein turist med ein skadd fot, vedkomande sit i eit telt og ventar med å kome seg av garde, seier Per Hognaland som er redningsleiar i HRS Sør-Noreg. Det er ein britisk statsborgar i 60-åra som held til på 1700 meters høgde. Han er i turfølge med andre. Turisten er vaken, men kan ikkje gå ned sjølv, opplyser politiet. Det er tåke på staden og dårleg sikt. Det er uklart om vêret tillèt bruk av helikopter. Det blir difor kalla ut frivillige til fots for å redde ned turisten. – Det er ikkje mogleg å fly inn personell med helikopter grunna vêrforholda på staden. De frivillige er kalla ut og på veg mot oppmøtestad, skriv politiet klokka 12.04. Klokka 12.38 melder politiet at pasienten er i ly saman med kona og ein guide. Resten av turfølget har returnert til Fannaråkhytta.