Det tok seks år før fiskesvindelen i Måsøy kom for retten. No får Finnmark politidistrikt sterk kritikk frå Noregs Fiskarlag. Samstundes stadfestar dommen eit ubehageleg rykte om f…

Det tok seks år før fiskesvindelen i Måsøy kom for retten. No får Finnmark politidistrikt sterk kritikk frå Noregs Fiskarlag. Samstundes stadfestar dommen eit ubehageleg rykte om fisk som «hengjast på veggen». Styreleiar i Nord Fiskarlag, Bjørn Hugo Bendiksen, retter kritikk mot Finnmark politidistrikt. – Dette handlar berre om at påtalemakta ikkje prioriterer desse sakene høgt nok. Fredag 31. juli blei to tidlegare tilsette i Hermann Export AS i Måsøy kommune dømde til 90 dagars fengsel for brot på havressurslova. Retten slo fast at minst 404 tonn torsk ikkje blei registrert på riktig måte. Fisken har ein verdi på 9,1 millionar kroner. Bjørn Hugo Bendiksen meiner at denne typen saker må løysast raskare enn det gjør i dag. Retten meinte at saka må sjåast på som organisert kriminalitet der både fiskekjøpar og fiskarar er delaktige. I februar 2022 vart 40 fartøy melde til politiet av Fiskeridirektoratet. Allereie etter éin månad vart 20 av sakene lagde bort. Årsaka var at politiet ikkje fann rimeleg grunn til å starte etterforsking.