To gutar tidleg i tenåra tekne av politiet etter å ha køyrd nesten fem gongar fartsgrensa. – Vilt og farleg, seier Trygg Trafikk.

To gutar tidleg i tenåra tekne av politiet etter å ha køyrd nesten fem gongar fartsgrensa. – Vilt og farleg, seier Trygg Trafikk. FULL FART: Det var i denne tunnelen at dei mindreårige gutane vart tekne av politiet for å ha køyrd over lovleg fartsgrense for elsparkesykkel. Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om fleire ungdommar som køyrde i stor fart i mellom Fjøsanger og Fyllingsdalen i Bergen, kjend som den lengste gong- og sykkeltunnelen i verda. – Dei set både seg sjølv og andre i fare, seier politiinspektør Sven Erik Midtjell i Vest politidistrikt etter hendinga. Politiinspektør Sven Erik Midthjell fortel at politiet ser ein trend med trimma elsparkesyklar. Med god grunn. Ein elsparkesykkel har ein lovleg maksfart på 22 kilometer i timen. Midthjell mistenker at syklane har blitt ulovleg modifisert. Dette er ikkje eit ukjent fenomen for politiet. – Det har vore mykje høg fart og uvettig køyring på elsparkesykkel som me må ta tak i, seier han.