Leiteaksjonen i Bergen blir trappa opp søndag. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet til NRK…

– Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet til NRK. Den sakna er ein mann i slutten av 60-åra, som har ikkje vore sett sidan onsdag i 13-tida. Leiteaksjonen starta fredag kveld. I dag kjem 50 personar frå Forsvaret for å bidra i søket. Frå før er 27 personar frå Sivilforsvaret med, i tillegg til naudetatar og frivillige. Søket er i hovudsak retta til område ved Fløyen, kor mannen sist vart observert. Han har ikkje demens og er ikkje psykisk sjuk, opplyser politiet. Dei ber om tips frå folk på telefon 476 96 060.