Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus i Kalvåg i Bremanger grytidleg søndag morgon. Livreddande førstehjelp vart forsøkt, men livet stod ikkje til å redde. Mannen hadde vore på fes…

Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus i Kalvåg i Bremanger grytidleg søndag morgon. Mannen hadde vore på fest kvelden før. I 5-tida fekk politiet bekymringsmelding frå ein kamerat som ikkje fekk tak i han. Ein leiteaksjon vart starta, der alle nødetatar og redningshelikopter vart sende til området. – Mannen vart funnen på nedsida av ein fjellskrent som er fleire meter høg, over 10 meter. Det framstår som om mannen har falt utfor og døydd som følge av fallet. Det var ingen vitne til sjølve ulykka, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet. Ingen ting tydar på at noko straffbart har skjedd. Kalvåg ligg ytst i Nordfjord i Vestland fylke.