Skitkasting, millionar av dollar i reklame og celeber støtte. Difor har «alle» auga sine retta mot primærvalet i Michigan.

Skitkasting, millionar av dollar i reklame og celeber støtte. Difor har «alle» auga sine retta mot primærvalet i Michigan. MOT SIGER: Den venstreorienterte Abdul El-Sayed går mot siger under primærvalet i Michigan onsdag morgon. Det har vore eit jamt val mellom dei to kandidatane Abdul El-Sayed og Haley Stevens i oppteljinga natt til onsdag. Etter at 93 prosent av stemmene er talde onsdag morgon klokka 10, viser prognosane til NBC News at El-Sayed kjem til å vinne valet. Klokka 10 skilje det berre 20.000 stemmer mellom dei to kandidatane. El-Sayed har 48,7 prosent av stemmene mot Stevens sine 47,3 prosent. Det går difor mot ein siger til den venstreorienterte Israel-kritikaren under primærvalet i Michigan. Partia sine veljarar stemmer på kven som skal vere partia sine kandidatar til mellomvalet i november, blant anna. For kva slags demokratar eller republikanarar skal folk i kvar enkelt stat ha å velje mellom, til ein av dei 435 plassane i Representantane sitt hus og dei 35 plassane i Senatet?