Sivert Hårstad (13) overraska NRK-ekspert og resten av skyttar-Noreg, då han leverte ei historisk bragd.

Sivert Hårstad (13) overraska NRK-ekspert og resten av skyttar-Noreg, då han leverte ei historisk bragd. 13 år gamle Sivert Hårstad var sterkast på felthurtigkonkurransen under Landsskyttarstemnet på Lesja. Og blei med det tidenes yngste vinnar på øvinga. – Det er heilt utruleg. Eg hadde aldri trudd det, seier Hårstad, som i praksis kan kalle seg Noregs raskaste skyttar. Hårstad møtte fjorårets vinnar, Inge Sunde Hvitås, i finalen. Guten, som snart skal byrje i niandeklasse, fortel at det nesten var surrealistisk å stå der. – Eg tenkte eigentleg ikkje så mykje på det, for eg trudde ikkje det kom til å skje. Men det er rart og artig. – Det er ein kjempesensasjon at ein 13-åring kan vinne det her. Det er fleire tusen som konkurrerer, seier eksperten. – Ikkje i det heile. Eg hadde aldri tenkt at ein 13-åring kunne vinne årets felthurtig, seier Lunde. Nærare 2000 skyttarar deltok på øvinga, der rundt 1500 klarte å kvalifisere seg. Under konkurransen på torsdagens stemne, slo 13-åringen fleire rutinerte skyttarar.