I dag har Romsdal videregående skole opne dører etter dødsulykka i Molde. Den 16 år gamle jenta som omkom var elev ved skulen.

I dag har Romsdal videregående skole opne dører etter dødsulykka i Molde. Den 16 år gamle jenta som omkom var elev ved skulen. Skulen har vore open frå klokka 13 fredag for elevar og andre som ønskjer å vere saman i sorga etter dødsulykka i Molde torsdag. Rektor Ivar Rød seier det er ein trist dag. Leah Grydeland som omkom i ulykka var elev ved skulen det siste året. – Først og fremst går tankane våre til dei etterlatne. Men det er og mange andre som er råka, elevar og vennar. På førespurnad frå kriseteamet i Molde har vi opna skulen i dag, for dei som treng nokon å snakke med. På skulen er det folk frå kriseteamet, helsevesenet og kyrkja. Rektoren fortel at dei også vil ta vare på elevar ved skulestart og i dei første skulevekene. – Det vil påverke ungdommen i lang tid framover. Skulestarten blir litt annleis, i og med at vi har mista ein elev som var ein del av skulefellesskapet, seier Rød. Skulen vil halde ei minnemarkering ved skulestart måndag 17. august. Det skriv VG. Politiet fekk melding trafikkulykka ved Julsundvegen i Molde grytidleg torsdag morgon.