I dag er det eitt år sidan Kristiansund bibliotek flytta inn i nye lokale ved kulturhuset Normoria. Det har ført til ei stor auke i besøkande. – Det har vore travel og masse folk innom. Førre veke runda vi akkurat 100.000 besøkande. Vi har hatt ei auke på 43 % samanlikna med det førre heile året vi var i det gamle bygget, fortel spesialbibliotekar Borghild Lien. Biblioteket har også registrert 1320 nye lånarar dei siste 12 månadene, eit tal som har lege på rundt 800 dei tidlegare åra. – No har vi fått eit eige formidlingsrom, der vi kan ta imot mindre grupper. Og vi har mykje betre plass til dei arrangementa vi har. Og det er meir plass generelt, meir sitteplassar og grupperom – Vi må halde fram med å skaffe det som folk ønskjer å låne. Og å ha andre tilbod og arrangement som dei ønskjer å delta på, i tillegg til aktivitetar for barn og unge. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr