Einar Hedegart var sterkast av alle i Lysebotn Opp. Etter sigeren fekk både konkurrentane og Petter Northug høyre det frå vinnaren.

Einar Hedegart var sterkast av alle i Lysebotn Opp. Etter sigeren fekk både konkurrentane og Petter Northug høyre det frå vinnaren. UTKLASSING: Einar Hedegart var soleklart best i dagens rulleskiløp, og tok sin første siger i Lysebotn Opp. Det var i dei krevjande hårnålsvingane opp Lysebotn at Einar Hedegart skaffa seg ein overlegen siger under Blinkfestivalen. Skiskyttaren tok sin første siger i det prestisjetunge rulleskirennet og leverte ei tydeleg melding før vinteren Hedegart nytta høvet til å sende fleire stikk til både konkurrentane og Petter Northug: – Å gå frå Mosvika til Let's Dance, det er store skritt, men han kan nok gjere det betre i Let's Dance enn i Lysebotn Opp i alle fall. Northug, som blei nummer 68, tok stikket med eit smil. I staden for å svare med ord, svarte han heller med å vise fram nokre dansesteg. Det var ein god tone etter målgang mellom utøvarane som enda på første- og 68. plass.